-
Alle elevar er forskjellige. Difor skal dei få lære på ulike måtar og i ulikt tempo.
-
Elevane våre kan noko og skal utifrå det få utvikle seg i tråd med eigne evner og førsetnader.
-
Vi vil ta omsyn til at gode relasjonar mellom skule – heim og elev – lærar er ein viktig reiskap for læring.
-
Alle elevar skal kvar dag få føle meistring og få positiv tilbakemelding; fagleg og / eller sosialt.
-
Alle elevar på Måseide skule er våre, ikkje mine eller dine.
-
Vi vil ha tydelege læringsmål og stille krav til elevane for å nå måla.
-
Vi vil leggje til rette for samarbeid i ulike læringssituasjonar, då vi meiner vi kan spele kvarandre gode.
-
Elevane skal få øve seg opp til å vurdere eiga læring.
-
Læringsmiljøet vårt skal skape trivsel og lyst til læring.
-
Som lærarar vil vi vere engasjerte, godt førebudde og jobbe systematisk med læringssituasjonen til elevane.
05.06.07