Sula ungdomsskule
Skulevegen 16
Postboks 248 
6039  Langevåg

Rektor:
Hildegunn Pedersen
Tlf:   70 19 87 00
Fax: 
70 19 87 10
Send e-post

Helsesøster - kontortid
torsdagane kl. 09.00 - 14.00

s3

Bilete frå Sula ungdomsskule

Overrasking på 9. trinnet

Overrasking på 9. trinnet Pizza i 3. time på fredag (28. okt.) kom som ei stor overrasking. Alle elevane vart samla i Amfiet og stilte opp klassevis etter "kven som stod opp først i dagtidleg". Mange avslørte at dei er svært så seine med å stå opp. Elevane sette seg så ved borda, blanda klasser, og fekk så ei god porsjon pizza. Kvar pengane til dette tiltaket kom frå er inga overrasking men ein løyndom, enn så lenge. Godt smakte det!
 

8. trinnet på hausttur

8. trinnet på hausttur Onsdag 26. oktober bestemte 8. trinnet seg for å nøyte veret. Vi gjekk alle saman ned i Bolvika i strålande solskin, dei tre siste timane. På bileta kan du sjå kor fint vi hadde det!
Tekst og foto: Jan Kåre
 

Labbedans 27. oktober

Labbedans 27. oktober 9A var arrangør denne kvelden. Labbedans er høg musikk, kiosksal og ein prat i trappa der det er litt mindre støy. Kanskje eit nytt kjærestepar i løpet av kvelden. Det var og opplæring for nye representantar i kommunestyret. Desse fekk musikk til arbeidet heile kvelden. Vi håper det gjekk bra. God gjennomføring gjer at elevane gler seg til neste labbedans. Det må skrytast litt: "Mykje kjekk ungdom var samla denne torsdagskvelden".
 

Fjelldag 30. sept. 2011

Fjelldag 30. sept. 2011 Turen gjekk til Vonhytta og dei fleste gjekk og på Grøthornet. Vardane var innhylla i tåke og då var det ikkje aktuelt å gå dit. Grøthornet vart og innhenta av tåke og dei siste som kom ned derifrå fekk nok ei oppleving av spenning med ....... Det er ikkje meininga å skreme nokon. Litt regn/yr vart det, men mykje glad norsk ungdom på tur denne dagen. Takk for turen! GM
 
 

Fjelldag 30. sept. 2011

Fjelldag 30. sept. 2011 Turen gjekk til Vonhytta og dei fleste gjekk og på Grøthornet. Vardane var innhylla i tåke og då var det ikkje aktuelt å gå dit. Grøthornet vart og innhenta av tåke og dei siste som kom ned derifrå fekk nok ei oppleving av spenning med ....... Det er ikkje meininga å skreme nokon. Litt regn/yr vart det, men mykje glad norsk ungdom på tur denne dagen. Takk for turen! GM
 

Galdhøpiggen - tur 10. trinn haust 2011

Galdhøpiggen - tur 10. trinn haust 2011 Her er ein bildeserie frå turen 10. trinn hadde i august/september 2011. Klatring i tretoppar, rafting og tur til Galdhøpiggen var ein del av programmet.
 

9B på tur til Sæbø

9B på tur til Sæbø 9A på sykkeltur til Sæbø. Overnatting i lavo.
 

 


  Viktig informasjon:


..............


Skulerute 2011/12 og 2012/13
 
Nasjonale prøver hausten 2011 
FRI (tobakk, snus mm) 
Skuleskyss - beregne avstand 
Sula Rutelag  
Hurtigbåt: Langevåg - Ålesund  

Sula bibliotek



NP        EU        
 

   Sula ungdomsskule    |  E-post: sula.ungdomsskule@sula.kommune.no    |  Tlf. 70 19 87 00  |     Ansvarleg redaktør: Hildegunn Pedersen    |
  
- aktivt lærande elevar i ein inkluderande skule -