Labbedans 27. oktober
9A var arrangør denne kvelden. Labbedans er høg musikk, kiosksal og ein prat i trappa der det er litt mindre støy. Kanskje eit nytt kjærestepar i løpet av kvelden. Det var og opplæring for nye representantar i kommunestyret. Desse fekk musikk til arbeidet heile kvelden. Vi håper det gjekk bra. God gjennomføring gjer at elevane gler seg til neste labbedans. Det må skrytast litt: "Mykje kjekk ungdom var samla denne torsdagskvelden".