Konsert på mandag 17. okt.
Eplemøya Songlag er ein a cappella vokaltrio som består av Liv Ulvik (folkesongar), Wenche Losnegård Nordhagen (jazzsongar) og Anja Eline Skybakmoen (jazzsongar). Songarane møtte kvarandre då dei studerte ved Noregs musikkhøgskole. Eplemøya Songlag utforskar moglegheitene som ligg i fusjonen mellom jazzvokal og kveding. Songarane har ulik musikalsk bakgrunn, men skaper ein ny og spennande sound med måten dei kombinerer dei musikalske erfaringane sine på. På repertoaret har dei tradisjonelt materiale som dei arrangerer på sitt eige vis, og dessutan eigne komposisjonar i tradisjonell stil. Her blir humor og spenning, eksperimentell improvisasjon og forteljarkunst blanda. Lydbiletet er tidvis rått og tidvis stemningsfullt og underfundig.
Kjelde (tekst og bilde): kultursekken.no
Skrive/endra av
Ole Martin Tonheim.