Sula ungdomsskule
Skulevegen 16
Postboks 248 
6039  Langevåg

Rektor:
Hildegunn Pedersen
Tlf:   70 19 87 00
Fax: 
70 19 87 10
Send e-post

Helsesøster - kontortid
torsdagane kl. 09.00 - 14.00

s3
--- > --- > Avis

Ny app

Denne nettsida er for tida ikkje i aktiv bruk, men du kan nytte skulen sin app for oppdatert informasjon.

 
 

Markering av grunnlovsjubileet

Markering av grunnlovsjubileet Fredag 16.05 hadde vi markering av at det var 200 år sidan vi fekke vår eiga grunnlov.
 

Foreldremøte om nettvett

Foreldremøte om nettvett

Vi inviterer med dette  alle føresette til elevane på Sula Ungdomsskule til eit møte om NETTVETT

 
 

Informasjon frå Lotteritilsynet

Informasjon frå Lotteritilsynet

 

Lotteritilsynet informerer September 2013

Smålotteri og offentleg skule Gjennom eit år er det fleire offentlege skular, skuleklassar og foreldrearbeidsutval som melder inn smålotteri til Lotteritilsynet. Inntektene frå lotteriet er ofte meint å gå til klasseturar, leiropphald og sosiale tiltak for klasse og/eller skule. I samband med dette ønskjer Lotteritilsynet å informere om kva lotterilova seier om slike lotteri. Vi ber om at klassekontaktar, foreldrerådets arbeidsutval og tilsvarande får dette skrivet.

 

Bruk av foto på skulen si elevavis

Bruk av foto på skulen si elevavis  

Notat vedr biletbruk på sulau.elevavis.no

Eg har fått spørsmål om biletbruk på sulau.elevavis.no. Så langt er det publisert eit enkeltbilete av elevar på sida. Det er av dei som har Medie og informasjon som valfag. Eg håper nettsida kan bli humoristisk, opplysande og med eit elevperspektiv. Alle elevane ved skulen har fått med heim eit skjema til underskriving/godkjenning for fotografering.

 

Utfordring med IKT på skulen

Sidan oppstraten i haust har vi hatt utfordringar knytt til tilgangen til ulike funksjonar i skulen sitt IKT-system. Dette medfører at lærarane er tidvis utan tilgang til fellesmapper og epost, noko som vil kunne forsenke kommunikasjon med elevar og føresette.
Det vert arbeid med å finne feilen, men fram til den er retta ber vi om forståing for den utfordrande situasjonen, og dei forsenkingane den kan medføre.

 
 

Oppstart nytt skuleår

Velkomen attende til nytt skuleår.

Oppstart er måndag 19.08 kl. 08.30

Vel møtt
 

Biblioteket er i drift igjen!

Biblioteket er i drift igjen! Opningstider:
Måndag-onsdag i 2. time pluss ved behov.

Snakk med Karen.
 

Organisk Hip Hop på Sula U

Organisk Hip Hop på Sula U Tysdag 12.03 hadde vi storfint besøk på Sula U.
Son of Light heldt konsert for elevane.
I dette prosjektet gjekk artisten attende til røtene sine, menleg å spele med live musikarar, slik han gjorde då han gav ut plate på Blue Note med Helen Eriksen som 19 åring. Besetninga med orgel, trommer og rap gjev eit "skittent" og ope sound.
Det vart ei stor oppleving for både elevar og lærarar ved skulen.
 
 

Grand Prix

Grand Prix Tusen takk til alle tilsette og elevar ved skulen som også i år har gjort ein stor innsats for å lage eit kjempelott arrangement for heile Sula.

Gratulerer også til 10C som stakk av med sigeren.

Du kan sjå fleire billete på denne lenka:
http://www.smp.no/kultur/article7111843.ece
 

Double Focus

Double Focus Torsdag den 13.11. hadde vi besøk av Double Focus
 
 

MOTkonsert - 15. mai

MOTkonsert  - 15. mai MOT-turneen stoppa på Sula 15. mai. For elevane på ungdomsskulen og 7. klasseelevane på Sula vart det ein flott konsert i Sulahallen.
På showet var det fleire dansenummer, sanginnslag og diktlesning. Eit variert og bra program med talentfulle ungdomar som Sula bør være stolte av. Publikummet var også helt enormt bra! 
Etter showet var det stort trykk ved MOT-standen som vanlig. Mange ville sikre seg en autograf av MOT-ambassadør Chand Torsvik - en kar som alltid tar seg tid til å møte ungdommene og ivaretar fansen. Vi er heldige som har ham med på laget! (Omtale henta frå mot.no)

Sjå film!
 

Mjuk landing i klasseromet - 8. trinn

Mjuk landing i klasseromet - 8. trinn Kreaviteten har det ikkje mangla på. Mange grupper har arbeidd med å konstruere "mjuk landing" av "påskeegg". Korleis kan ein sleppe eit egg frå 2 meters høgde og likevel ikkje knuse egget i landinga. Her ser du ei av gruppene som har konstruert ein farkost som skal sørge for mjuk landing. Kor mange egg som vart knuste veit eg ikkje.
 

"Pedagogisk høgmesse" på 9. trinn

28. mars var føresette til elevane på 9. trinn inviterte til å bli med på "pedaggogisk høgmesse" i amfiet på skulen. Programmet var prega av at elevene ville vise litt av det som har vore læringsaktivitetane denne vinteren. Foredarg om ANT, forsøk frå naturfagtime, "pyramidebygging" i gymtime, på kafe i tysktime mm. Sanginnslag og bildevisning. Det heile starta med ein hymne som elevar hadde øvd inn med musikklærar. Kvelden vart avslutta med ein quiz der foreldra vart utfordra på pensum til 9. klassingane. Elevane meinte at dei beste laga ville ha fått ein 3-ar om det var prøve! Kakene og kaffien som foreldra hadde med seg vart lagt ut for sal. Det smakte og intektene, kr. 5600,-, går inn i reisekassa til turen i august.
 

Animasjonskurs på 8. trinn

Animasjonskurs på 8. trinn I år fekk alle 8 klassene tilbod om animasjonskurs, noko som passar ypperleg inn i Kunst & handtverk sine fagplanar. Kvar klasse har hatt 2 heile dagar med masse aktivitet og kreativitet. Vi gler oss til å sjå dei ferdige animasjonsfilmane J. Stor takk til Mariann og Cecilie frå kulturskulen for tålmodig og god rettleiing !
 

MOT

MOT I dag, torsdag 1. mars, er det ny temadag for 9. klassingane. Temaet denne gongen er "Synleggjør modige forbilder". To av stikkorda er "draumar" og "å vere modig". Dette skal det reflekerast rundt. Tida er og inne for å søke om å bli MOT-representant. MOT-representantane blir kursa og skal mellom anna besøke barneskulane på vårparten. På biletet ser vi nokre av elevane i 9b i aksjon.
 

Grand Prix

Innspurten til torsdagskvelden er i full gang. Snart er det bygging av scene og rigging av alt utstyret som må på plass. Øving på innslaga begynner å ta form. I dag hadde klassene besøk frå Fagerlia vgs som hjelpe til med finpussen av dansen. Tysdag kveld er det øving med band, så no merker alle at det nærmar seg....... Her er nokre små smakebitar på YouTube
 

Bust da Breakz

Bust da Breakz Dette vart ei kjempeforestilling med hiphop av ypperste klasse. Mange fekk seg ei aldri så lita overrasking med rytmer, dans og musikk som mange kunne ha tenkt seg å prøve ut. Kanskje får vi elevinnslag av dette slaget seinare i år??
 

Nye valfag frå hausten 2012

Nye valfag frå hausten 2012 Innføring av valgfag i ungdomsskulen er på høring. Det er sendt på høring forslag til innføring av valgfag og nytt om elevrådsrelatert arbeid. Høringsfristen er 16. mars 2012.
 

Siste skuledag før jul

Siste skuledag før jul Siste skuledag før jul er historie. Vi starta dagen med julegudsteneste i Langevåg kyrkje. Eit kor hadde øvd litt dagen før og var med på å lage god julestemning. På skulen var det etterpå avslutning for alle elevane og tilsette. Her var det elevinnslag med mykje musikk og opplesing. Personalet skapte og god stemning med si dramatisering.
 

 


  Viktig informasjon:


..............


Skulerute 2011/12 og 2012/13
 
Nasjonale prøver hausten 2011 
FRI (tobakk, snus mm) 
Skuleskyss - beregne avstand 
Sula Rutelag  
Hurtigbåt: Langevåg - Ålesund  

Sula bibliotek



NP        EU        
 


ggggggggggggg