Overrasking på 9. trinnet
Pizza i 3. time på fredag (28. okt.) kom som ei stor overrasking. Alle elevane vart samla i Amfiet og stilte opp klassevis etter "kven som stod opp først i dagtidleg". Mange avslørte at dei er svært så seine med å stå opp. Elevane sette seg så ved borda, blanda klasser, og fekk så ei god porsjon pizza. Kvar pengane til dette tiltaket kom frå er inga overrasking men ein løyndom, enn så lenge. Godt smakte det!
Skrive/endra av
Ole Martin Tonheim.