PRYO-veka
PRYO-veka nærmar seg slutten. Vel 100 elevar på 9. trinn er ute i arbeidslivet og prøver ut forskjellige jobbar. Stor takk til næringslivet i nærområdet som tek på seg oppgåva med å gi elevane dette tilbodet. Rådgivaren på skulen, Frid Marandon, har sydd saman alt det praktiske før arbeidsveka, og lærarane på 9. trinn er no i slutten av veka på besøksrunde.
På biletet ser du Jenith som arbeider på LEFDAL Elekromarked i Ålesund. Dette er svære greier seier han. God mat i kantina og mykje bra utstyr i lyd og bilde. Her har eg fått kobla opp utstyr og utforska det som er nytt i markedet. Jenith får og "godord" om sin arbeidsinnsats. Ha ein fin arbeidsdag på fredag som er siste dag i PRYO-veka!
Skrive/endra av
Ole Martin Tonheim.