Julegåver til Ukraina
Dei to siste åra har elevane ved Sula U tatt med brukte, men gode klede og sko til fattige born i Ukraina. Skulen har avtale med «Emanuel hjelpande hender» som kvart år køyrer julegåver dit. I fjor sende vi 119 fulle bossekkar. Som du ser på biletet er givargleda på topp!
I år er det kun 8.klassene som er med på dette. Heimane er oppfordra til å sende med elevane posar med reine og heile kle/sko som ein kan gi barn og ungdom i Ukraina.
I fjor tok elevane også med ei lita gåve med til dømes: såpe, sjokolade, kosmetikk som vi la i pakkane.
Det vart i år også mange sekkar med gaver, ca 40 i talet.
Skrive/endra av
Ole Martin Tonheim.