Nye valfag frå hausten 2012
Innføring av valgfag i ungdomsskulen er på høring. Det er sendt på høring forslag til innføring av valgfag og nytt om elevrådsrelatert arbeid. Høringsfristen er 16. mars 2012.
Her kan du finne meir informasjon om valfag som skal innførast. Det er meininga at nye 8. trinn, til hausten 2012, skal starte opp med dei valfaga som då er klare. Ved skulestart i 2013 skal det vere klart for 9. klassingane og året etterpå skal 10. klassingane også vere med i ordninga. Målet er at elevane skal oppleve ein meir praktisk skulekvardag. Ikkje berre i dei to "nye" timane til valfag, men det er ein ide om at større delar av opplæringa skal vere meir praktisk. For den enkelte skule blir spørsmåla: Er finasieringa av ordninga på plass? Kva for fag skal skjerast ned på i den omdisponeringa som skal gjennomførast? Har skulen kvalifiserte lærarar til dei valfaga som no er foreslått? Ligg det til rette for opplæring for dei som skal vere lærarar i dei nye faga? Og mange andre spørsmål.
Skrive/endra av
Ole Martin Tonheim.