Bust da Breakz
Dette vart ei kjempeforestilling med hiphop av ypperste klasse. Mange fekk seg ei aldri så lita overrasking med rytmer, dans og musikk som mange kunne ha tenkt seg å prøve ut. Kanskje får vi elevinnslag av dette slaget seinare i år??
Dance Performance Bust Da Breakz er eit sprang inn i den postmodernistiske tida hiphopen blei til. Forestillinga gjenskaper den virvlande, fragmenterte, flimrande og spektakulære stemninga i storbyen. Intensjonen er å bruke hiphopen som ei opning for publikum, der sinnstemningar blir uttrykt kroppsleg og det sosiale samværet manifisterast og blir fysisk. Forestillinga er ein hyllest til den mangefasetterte dansekulturen som starta i Los Angeles- och New Yorkghettoen på 1970- talet. Ei rørsle i den enkelte kropp, ei rørsle i tida og ei kulturell rørsle som har betydd utruleg mykje for unge over heile jordkloda. (
http://mr.ksys.no/institusjon_115/produksjon_10181)
Skrive/endra av
Ole Martin Tonheim.