"Pedagogisk høgmesse" på 9. trinn
28. mars var føresette til elevane på 9. trinn inviterte til å bli med på "pedaggogisk høgmesse" i amfiet på skulen. Programmet var prega av at elevene ville vise litt av det som har vore læringsaktivitetane denne vinteren. Foredarg om ANT, forsøk frå naturfagtime, "pyramidebygging" i gymtime, på kafe i tysktime mm. Sanginnslag og bildevisning. Det heile starta med ein hymne som elevar hadde øvd inn med musikklærar. Kvelden vart avslutta med ein quiz der foreldra vart utfordra på pensum til 9. klassingane. Elevane meinte at dei beste laga ville ha fått ein 3-ar om det var prøve! Kakene og kaffien som foreldra hadde med seg vart lagt ut for sal. Det smakte og intektene, kr. 5600,-, går inn i reisekassa til turen i august.
Skrive/endra av
Ole Martin Tonheim.