Erna er tilbake frå Peru
Erna Berg Rogne har nok ein gong besøkt fattige i Peru. Gjennom organisasjonen "Mama Clara" har mange fått mat, kle og anna materiell for å greie seg i ein kvardag prega av fattigdom. Sjølv om fattigdomen er godt synleg er dette og eit folk som viser stor glede over den hjelpa ein får frå skuleelevar på Sunnmøre. I desember samla elevane inn ca 12 500 kr. Det har vore stor givarglede. Takk til alle som har vore med på denne aksjonen! Tysdag 8. januar hadde skulen besøk av Erna og ho fortalde om siste turen ho no var på til Peru i jula. Med bilete på storskjerm fekk elevane eit innblikk i ei anna verd enn den som ein lever i på Sula.
Sunnmørsposten hadde ein fin artikkel om "Mama Clara" og innsamlingsaksjonen på Solevåg skule. Det kan du lese om
her!
2/1/2013
Skrive/endra av
Gunnar.