"- med syn for alle."

Rektor    70 19 78 20
Inspektør   70 19 78 22
SFO-leiar   70 19 78 21
SFO-base A   70 19 78 50
SFO-base B   70 19 78 46
Solevåg skule.
Send e-post

--- > --- > Avis

Ny heimeside

Solevåg skule har etablert ny heimeside på MOAVA.
I adressefeltet skriv du:
solevag.skule.no
og du vil kome inn på den nye sida.

Søker du etter Solevåg skule vil du kanskje kome inn på den gamle sida.
 
 

Samlingsstund - 7. klasse

Samlingsstund - 7. klasse Etter mykje øving og terping på detaljar, inviterte 7. klasse på ei reise i elevane si skulehistorie. Imponerande. Terningskast 6. Med presisjon i innslag og overgangar vart dette ei oppleving av dei sjeldne. I kveld er det framsyning for foreldra og dei har mykje å gle seg til. Gratulerer 7. klasse!
 

Markadag i Sundsmyra

Markadag i Sundsmyra I dag er det torsdag 6. juni og "Markadag". Dette er dagen i friluftsveka der vi er samla alle ved skulen. Det starta med opplett, men regnet tok over. 14 ulike postar vart besøkt av 28 grupper. Etter at løpet var ferdig var grillane klar til dei som hadde med grillmat. Nokre søkte tilflukt i lavo og gapahuk for ein matbit. Ikkje alle var kledde til det vèret som vart og vart våte og kalde. Kanskje hugsar ein det til neste tur ut - som er i morgon. Dette vart ein kjekk dag med mange aktivitetar. På biletet ser du litt av stemninga.
 

Friluftsveke 2013

Friluftsveke 2013

Vi er godt inne i årets friluftsveke og her ser du gjengen som var på Trollhaugen i dag, tysdag 4. juni. Storskulen har hatt aktivitetsdagar over ei lengre periode, men småskulen har sett av denne veka. Onsdag er det sykkelprøve for 4. og 5. klasse. Torsdag er det "Markadag" i området rundt Sundsmyra og fredag er det siste aktivitetsdag for småskulen.

 

Aktivitetsdag - SFO

Aktivitetsdag - SFO Aktivitetsdagen er i full gang. Først er det aktivitetar i tre grupper. Det er sykkelløp med trafikkskilt som skal respekterast, bowling med kjegler av brusflasker og pilkasting. På grillen blir hamburgerane mm klargjort. Litt av ein dag dette!
 

Brubygging

Brubygging 3. klasse har bygd bruer i klasseromet. Det utrulege er at dette har dei laga av papir. Gjer ein det på rette måten blir det sterke bruer. På biletet ser du ei av bruene og dei som har laga nettopp denne brua. (Foto: Camilla)
 

7. kl. på Runde

7. kl. på Runde I dag er det heimreise for dei som har vore på Runde. I går var det opplevingar som stod i kø: båttur rundt Runde, Lundeura, bading, overnatting på Fyret og anna som høyrer med til ein overnattingstur.
 

Innskulingsdagar

I dag er det første innskulingsdag. 30 nye "elevar" er klare til eit "første" møte med skulen. Til hausten blir dette 2 førsteklasser. I tillegg til at det har vore aktivitetar i klasseromet har det og blitt eit møte med dei som skal vere faddarar til hausten. Her ser du eit par bilete frå dagen!

  

 

17. mai nærmar seg

17. mai nærmar seg Då er det snart 17. mai og førebuingane er i full gang. Idrettsleikane er gjennomført. 17. maikomiteen har vore i arbeid over lengre tid og har laga eit flott programblad til dagen. Skuleelevane har pynta på skulen og rydda i bygda. Her ser du ein glad gjeng frå 2. klasse. Mykje rusk vart funne i veggrøftene.
 

Innsamling til Mama Clara

Innsamling til Mama Clara

7. klasse har no avslutta sin innsamlingsaksjon til Mama Clara og resultatet vart kr. 7395,-. Dette er solidaritetsarbeid som kjem mange til gode. Flott innsats!

 

 E-post:  steinar.hide@sula.kommune.no  Tlf. 70 19 78 20  Redaktørar: Steinar Hide og Gunnar Marøy   Adr: Postboks 3, 6037 Eidsnes.