Fastelavensfest
Fredag 8. februar var det fastelavensfest på SFO. Barna hadde med kostymer og etter fjerde time var det full aktivitet i garderobene - kostymet skulle på og no skulle ein inn til Eva og høyre forteljinga om korleis ein i kunne skreme bort vinteren i gamal tid. Eva har tidlegare budd ein vinter lenger sør i Europa og der feira ein "Fastnachten". Samlinga på SFO, denne fredagen var inspirert av nettopp denne feiringa. Bollar med krem og syltetøy vart servert og tidlegare på dag vart det laga fastelavensris i fleire klasser.
God helg!
9/2/2013
Skrive/endra av
Gunnar.