Samlingsstund 5. kl. - 20. mars 2013
5. klasse var verkeleg i storslag då dei tok oss med inn i eventyret om Tornerose -på sin fine måte. Alle i klassa var med og viste sine kunnskapar gjennom replikkar, sang og dans. Lyden var og på plass, etter lang tid med skurring på den fronten. Stor applaus til gjennomføringa. I kveld er det foreldra/familiane som får sjå den same framsyninga. Vi gler oss til neste samlingsstund - for dette er kjekt.
20/3/2013
Skrive/endra av
Gunnar.