Markadag i Sundsmyra
I dag er det torsdag 6. juni og "Markadag". Dette er dagen i friluftsveka der vi er samla alle ved skulen. Det starta med opplett, men regnet tok over. 14 ulike postar vart besøkt av 28 grupper. Etter at løpet var ferdig var grillane klar til dei som hadde med grillmat. Nokre søkte tilflukt i lavo og gapahuk for ein matbit. Ikkje alle var kledde til det vèret som vart og vart våte og kalde. Kanskje hugsar ein det til neste tur ut - som er i morgon. Dette vart ein kjekk dag med mange aktivitetar. På biletet ser du litt av stemninga.
6/6/2013
Skrive/endra av
Gunnar.