er eit spor vi vel å følgje. I tillegg vil bileta i stor grad vere tatt på noko avstand og oppløysinga på bileta vil variere. Lav oppløysing er dårleg eigna til manipulering eller «fotoshopping».
Seinare dette skuleåret skal elevane nytte video som dei gjennom «youtube» skal kunne integrere i artiklar dei skriv på nettstaden.
Mitt ønske er at bilete alltid skal vere positive for den som er avbilda:
Still desse spørsmåla før du publiserer bileta, anten det er privat, i barnehagen eller på skulen:
- Kva skal biletet fortelje?
- Kva er formålet med det?
- Fortel biletet noko vi vil at andre skal vite, eller som andre treng å vite?
- Er det eit hyggeleg bilete som vedkommande vil like å sjå om ti år?
- Ville eg ha lagt ut bilete av ein vaksen i same situasjonen?
- Ville eg ha publisert biletet dersom det var mitt eige barn som var fotografert?
- Er dette ein god presentasjon av skulen – er vi framstilte slik vi gjerne vil?
(Barneombodet)
- Sørg for å leggje ut bilete i låg oppløysing, slik at dei er mindre interessante til annan bruk.
- Ta bileta på avstand, unngå nærbilete.
- Ikkje gi opp namn eller andre identifiserande opplysningar saman med bileta. Dei som skal sjå dei, veit dette likevel.
- Ta gruppebilete på avstand.
- Ta bilete der barna er i aktivitet. Bilete med personar i aktivitet er mindre eigna for vidare
bruk.
(Kripos)
Ovannemnde er noko eg har i tankane heile tida. «Gjer mot andre det du vil dei skal gjere mot deg», må vere eit overordna motto, utan at dette skal verte heilt uinteressant for valfagelevane og elevane generelt ved Sula ungdomsskule.