Konsert med Solevåg Skulekorps
Torsdag var heile skulen på konsert med Solevåg skulekorps.
Torsdag var alle elevane ved Solevåg skule invitert på konsert med Solevåg skulekorps. Elin Skeide ynskte oss velkommen og dirigent Ingolf Dragset losa oss gjennom ein flott konsert Først fekk vi høyre glansnummeret frå sølvplasseringa i Norvestmesterskapet for skulekorps, så vart det marsjar og presentasjon av dei ulike instrumenta i korpset.
To gruppe med aspirantar var og framme og spelte. Dei har blitt kjempeflinke etter snart eit år med øving. Dei hadde med seg instruktørane sine frå Ekko.
Til slutt var det nokre elevar som fekk dirigere Sula sitt beste og største skulekorps. Korpset har i dag 38 medlemmer og 16 aspirantar.
Vi håper at mange av dei som skal starte i 4. klasse til hauste får lyst til å starte som aspirantar. Dei har no fått med seg eit skriv heim. ( Det er og mulig for eldre elevar å melde seg på som aspirantar om dei har lyst.)
Takk for ein kjempeflott konsert.
23/4/2010
Skrive/endra av
Jørn.