Ole Martin Tonheim.
Lotteritilsynet informerer September 2013
Smålotteri og offentleg skule
Gjennom eit år er det fleire offentlege skular, skuleklassar og foreldrearbeidsutval som melder inn smålotteri til Lotteritilsynet. Inntektene frå lotteriet er ofte meint å gå til klasseturar, leiropphald og sosiale tiltak for klasse og/eller skule. I samband med dette ønskjer Lotteritilsynet å informere om kva lotterilova seier om slike lotteri. Vi ber om at klassekontaktar, foreldrerådets arbeidsutval og tilsvarande får dette skrivet.